Albumet Flammebjørka

Flammebjørka er eit prosjekt eg har tenkt på i fleire år. Eg har lenge hatt lyst til å laga eit konseptalbum der kvar vise er ei brikke i ei større forteljing. Tanken om å lage eit album der songane heng saman, og slik fortel ei større historie, har stadig kome tilbake. Da visa om Flammebjørka kom til hausten 2019, var eg litt usikker på om ho kunne fungere i Byting. Fyrst i 2025 kom idéen om at visa kunne finne sin plass på eit album der historier, karakterar og hendingar høyrer i hop.

Historia bak albumet er lagt til Telemark på 1800-talet. Her skjer eit drap ved ei flammebjørk som stod oppe på haugen i nærleiken av garden Grivi i Bø. Ei jente med namn Maria blir drepen da ein gut, over seg av sjalusi, sende av garde ei pil som eigentleg var meint for guten ho dansa med ved flammebjørka. Guten som dansa med Maria flykta til skogs i panikk, redd for å få skulda for drapet. Rundt denne hendinga har eg bygd fleire historier; om menneskja, naturen og mystiske episodar
rundt om i Telemark. Desse historiene har blitt til songane du høyrer på konseptalbumet Flammebjørka.

– Thomas Hellekås

Flammebjørka

I 2017 laga me eit stort langbord av flammebjørk som nå står heime på Fossetun. Det var etter dette at visa om Flammebjørka kom til. Eg hadde lenge ønska meg eit stort solid langbord der det var plass til heile storfamilien. Flammebjørka hadde ligge til tørk under låven til svigerfar i fleire ti-år før det enda opp heime. Tanken på livet og reisa til flammebjørka, og at dette bordet nå var ein samlingsplass for familie og vener var noko eg bygde visa ut i frå.
Flammebjørka står som eit slags anker i historiene på albumet. Ho er til stades gjennom fleire av skjebnane og hendingane, men har òg si heilt eiga historie å fortelje.

Nattergal

Ein sein kveld rir ein mann gjennom Telemark og Bø på hesten Nattergal. Langs vegen møter han ei ung jente. Det er kaldt, så han låner ho eit sjal. Ho rir saman med han ei stund, men brått hoppar ho av hesten og forsvinn inn i mørket mot ei sæter. Dagen etter kjem mannen på at han ikkje fekk tilbake sjalet. Han rir tilbake til sætra for å hente dette, men han får beskjed om at dei ikkje har sett denne jenta på mange år.

Maria

I denne visa møter me ein mann på dødsleiet. Heile livet har han bore på ei tung hemmelegheit; eit drap han ein gong stod bak. Verken skuldkjensla eller Maria har nokon gong sleppt taket. Fyrst når livet går mot slutten vågar han å lette på sløret, og han skriv ned dei siste orda sine i eit brev som hintar til rolla hans i drapet.

Ønsket

Denne historia handlar om ein gut og ei jente som dansar oppe på haugen ved flammebjørka ein kveld. Jenta har lenge kjent på ei indre aning om at noko vondt skal skje. Eit stjerneskot fyk over himmelen, og i det stille ønsker jenta seg vekk frå alt saman. Guten som dansar med ho ser det same stjerneskotet, men ønsket hans er eit heilt anna: Han ønsker at dei to kan vera saman for alltid.

Eit skot i blinde

Ein gut har blitt forelska i ei jente. Han har sett ho fleire gonger, både i smug og på dans, men ho har aldri vist interesse for han. Ein kveld ser han jenta danse med ein annan gut ved flammebjørka. I sjalusi og raseri tek han fram bogen og sender av garde ei pil. Pila er meint for guten, men han bommar og treff i staden jenta, som fell død om.

Medverkande

Albumet er spela inn i River Side Studio i Kvinesdal med Thomas Gallatin som produsent og George Tanderø på master.
Utøvande musikarar i Byting er: Thomas Hellekås, Jonas Valberg, Trygve Liahagen, Eirik Ask, Jørgen Haugland og Sindre Bakkåker
Illustrasjonane til prosjektet er laga av Peter-John de Villiers.
Albumet blir gitt ut på FosseTune Records i samarbeid med Ja.Group.

I samarbeid med kunstnaren Peter-John de Villiers ville me gjere noko ekstra enn bare å ha digitale trykk av illustrasjonane til albumet. Derfor har me til kvar singel frå albumet laga originale kunstverk – handlaga som kaldnålsraderingar (etchings). Kvart motiv ber preg av ekte handverk, med detaljar og struktur som gjer kvart trykk unikt.

Alle verka er signerte av kunstnaren, og bare 6 eksemplar per singel er tilgjengelege for sal.
Dette er meint som eit samlarobjekt. Eit fysisk uttrykk frå albumet, omsett til kunst du kan ha på
veggen.

Du kan få kunstverket tilsendt, eller få det personleg overlevert på konsert om du vil.