Bandet Byting

Det norske bandet Byting frå Bø i Telemark oppsto i 2013 etter at bandets vokalist og låtskrivar, Thomas Hellekås, skreiv låta «Høvdingen» til sin gode venn og folkemusiker Jon Elling Buen Garnås som omkom i ei bilulykke i 2012. Låta fekk mykje oppmerksomhet og satte fart på bandet tidleg i karriera. 

Sidan oppstarten i 2013 har Byting reist Norge på kryss og tvers og holdt hundrevis av konsertar i dei største byane og dei minste bygdene, på dei største festivalscenene og dei minste pubane. Bandet er innom fleire sjangerar, blant anna rock, folkemusikk, country, roots og vise. 

Takket være Thomas Hellekås sine personlige og aktuelle tekstar, treff låtane menneskje i alle aldrar. Dette har resultert i godt over 75 millioner streams av låtar som sett seg og som er lette å synge med på. 

Sammen med eit ungt og sultent band, ein gjennomarbeida produksjon, og eit lettbeint og leikent sceneshow er Byting eit band som bør opplevas LIVE! 

Byting reiser og rundt og spelar rusfrie konsertar for ungdom og snakkar om dei alvorlige temaene i fleire av tekstane. Musikkvideoen «Ensom Mann & Mørke Slør» frå 2023 omhandlar aktuelle temaer for unge knytta til rus og kjøring i påvirka tilstand. Etter utgivelsen av musikkvideoen er Byting blitt ambassadørar for MA Rusfri trafikk.

Bandet har i tillegg til å få avslutte fleire store festivalar i Norge medvirka i fleire TV-seriar. Sist med gjesterolle og musikk i serien «Rådebank» på NRK og opptreden på Sommerfest fra Telemark live på TV2 i 2022. 

Følg oss på plattformene våre!

Slik gjer me det!